Øyvind Lyslo - fylkesmusikkleiar (Kulturavdelinga Sogn og Fjordane Fylkeskommune)

Øyvind skriver:

Takkar for ei utruleg bra konsertoppleving på Førde hotell sist helg.

 

Pitifuls har verkeleg teke steget frå å vere ein gjeng med entusiastiske og dyktige utøvarar til å fungere som eit BAND med trøkk og energi. Bårde eit presist og dynamisk komp, lekre kordamer og ei rå blåsarrekke gjer at Idun kan briljere med si nydelege stemme, både som vokalist og med humoristisk small-talk mellom låtane. Dette er vel kanskje det minst pitifulle rhythm and blues bandet eg har opplevd.

Det er iallfall ikkje mykje pitifullt å vere på konsert med Mrs and the Pitifuls!


 

Helsing Øyvind